Jordboka

- det fantastiske universet under føtene våre. Jordboka kom på Forlaget Nyskaping i oktober 2017, og har på få manader selt fleire tusen eksemplar. Den har blitt ein av dei mest selte fagbøker i Noreg dei seinaste åra.

PrisNOK399,00 inkl. mva.
På lager
  • Produktinfo
  • Produktanmeldelser (0)

Under føtene våre finst det eit univers så enormt, rikt, intelligent og mangfaldig at det sprenger rammene for det me menneske er i stand til å fatta. I Jordboka møter du utrulege vesen med eineståande evner og eigenskapar, dei minste er titusendelar av ein millimeter, dei største fleire kvadratkilometer store. Dei er del av ekstremt intelligente økologiske samspel som er avgjerande for livet på planeten.

Jordboka er historier om tette band mellom menneske og mold. Den fortel om fridom, om alkymi og om verdas einaste guddommelege materie. Men den fortel også om menneske mot mold. Om menneskelege handlingar som har øydelagd mold i stor skala.

Først og fremst er Jordboka likevel historier om håp. For nøkkelen til å løysa alle dei store utfordringar mennesket og planeten no står overfor kan visa seg å finnast i molda. Erosjon og tap av matjord, fallande produktivitet i matproduksjonen, fordeling av gode, til og med klimaendringar.

Verdas kanskje mest økonomisk produktive bønder verken pløyer, gjødslar, sprøytar eller lukar. Dei har i staden rekruttert den mest intelligente hjelp og teknologi som er å få tak i, universet i molda. I boka møter du desse bøndene og ei rekke nye idear og praksisar som kan endra både matproduksjon og mennesket sitt forhold til naturen for all framtid.

Ein verkeleg grøn revolusjon er i emning. Jordboka fortel korleis DU kan ta del.

Skriv en produktanmeldelse og del dine erfaringer med dette produktet med andre kunder.